Pakkekonsept

 

GENERELL INFO:

For å vera sikker på at ein har kontroll på varelager og pakkar som skal ut, treng me at du bestiller innan 3. dag i mnd. for å få utsending same mnd. Pakkane vert sende ut mellom 20 og 25 i kvar mnd.
Skulle du kome litt for seint ein mnd., skriv oss ein mail, eller bestill produktet du ysnkjer, så skal me gjera vårt ytterste for at du får produktet du ynskjer den mnd.

Det skal ikkje vera noko stress for deg å melda deg av dette abonnementet, difor bestem du når du bestiller produkt 2 mnd.+ eller 6 mnd.+, kor lenge du ynskjer abonnementet ditt skal gå. Skriv det som notis i bestillinga, eller send oss ein mail i etterkant.

Bestillinga må førehandsbetalast, via nettbutikken.

Kommunikasjon er alfa omega, så skulle det vera noko, ikkje nøl med å ta kontakt med oss.

 

 

 

Vegankiosken.no sitt «pakkekonsept»

Me garanterer valuta for pengane, men vil ikkje låsa oss til eit fast antal produkt i pakken. Dette då det heile tida kjem nye og spannande produkt på marknaden. Me ynskjer at våre kundar skal få prøvd ut eit spekter av kva marknaden har å tilby, og om det nokre mnd. kjem produkt me ynskjer introdusera til våre kundar, men ikkje kan gjera det grunna våre policy om antal produkt i kassa, vert dette trist. Det vil seia at ein månad kan de få mange små produkt, mendan neste månad kan de få færre produkt, men då av høgare verdi per produkt. Uansett, me garanterer absolutt verdi og kvalitet for pengane.
Pakkane vil ikkje innehalde ferskvarer eller frysevarer.
Gjer merksam på at innhaldet i pakkane ikkje nødvendigvis er eit produkt du finn i nettbutikken. Til tider vil me ta inn eksklusive produkt kun til «pakkane».

«Minipakken»

Kr 169,- ink.porto ( 1 mnd.)
Kr 159,- ink.porto (2 mnd.+) pr. mnd.
Kr 149,- ink.porto (6 mnd. +) pr. mnd.

Det er ikkje alle som har like mykje å rutta med, eller rett og slett ikkje ynskjer bruka meir enn ein viss sum på «snack». Dette skal likevel ikkje vera til hinder for at ein kunna unna seg litt ekstra i kvardagen, og ikkje minst ei overrasking.

Med «minipakken» garanterer Vegankiosken.no valuta for pengane, trass eit noko lavare månadsbeløp enn «standardpakken».
Antal produkt du mottek i «pakken», vil variere litt, alt etter verdien på produkta, men valuta for pengane er vår absolutte garanti.

 

«Standardpakken»

Kr 275,- ink.porto (1 mnd.)
Kr 265,- ink.porto (2 mnd. +) pr.mnd.
Kr 249,- ink.porto (6 mnd. +) pr.mnd.

«Standardpakken» er for dei som ynskjer betala litt meir enn «minipakken» og får dermed eit litt større utval av produkt. I denne pakken vil det også variere litt frå månad til månad kor mange produkt som kjem i pakken. Valuta for pengane garanterer uansett Vegankiosken.no.

Unn deg ei overrasking i posten, der du får gode kvalitetsprodukt til ein meget god pris.

Porto er inkuldert innad i Norge.