Etter ei tid som veganar, fann eg ut det var på tide å prøve meg med ein slik nisjebutikk. Utfordringane har, til tider, vore litt store når det gjeld å få tak i veganske produkt. Orket å skulla gå frå butikk til butikk og kanskje finna noko av det ein trong her og kanskje noko anna der, gjorde at eg ville samla «alt» ein stad. Nettbutikken er i nybegynnarfasa, så utvalet av produkt vil forhåpentlegvis auka, dersom det er trong for ein liten nisjebutikk på den opne marknaden.

Vegankiosken er i no i første fase ein nettbutikk, som sender produkt til postadresser i Norge.

Dersom du bur på Stord eller omegn, er det mogeleg for «click and pick». Du vel då det du ynskjer av varer, så vel du «hent i butikk». Me pakkar varene så snart som råd, og du får ein e-post eller sms når produkta er ferdigpakka klare for henting.  Me vil på sikt, kunna køyra ut varer, visse dagar, her på Stord.

Produkt:
Produkta er importerte frå Tyskland (Absolute Vegan Empire), og er 100% veganske.

Når det gjeld varelager/vareinformasjon kan det, i somme tilfeller, avvike frå det som står på nettsida. Dette tek med  atterhald om, og beklager om dette skulle inntreffa deg, som kunde.

Reklamasjon/retur:
Dersom det kjem til reklamasjon/retur, ta kontakt på post@vegankiosken.no, snarast råd.
Ikkje send varer i retur, utan å ha kommunisert med oss først.

Postgang/forsending:
Dersom ei bestilling kjem innan 12.30, vert den sendt same dag, og den kjem etterpå, vert den sendt neste dag.
Kjem den etter 12.30 ein fredag, vert den sendt seinast komande måndag, då posten ikkje går i helgene.

Frakt:
Pakkar under 350 gram – kr 50,- (Utan sporing og forsikring)
Pakkar under 350 gram – kr 99,- (med sporing og forsikring)- då tek me ein del av portoen på oss.

Pakkar over 350 gram – kr 99,- (inkuldert sporing og forsikring) – då tek me ein del av portoen på oss.

Personvern: http://vegankiosken.no/personvern/ (oppdatert 25.06.2018)